Kartlegging: Oppgåve

Kartlegging av arbeid med skjønnlitterære tekstar i undervisninga.

 

 

I filmen får vi høyre korleis ein skule har valt å legge til rette for lesing gjennom å prioritere fokus på skjønnlitteratur i ein tidsperiode. Vi får høyre korleis skulen har utvikla “lesevekene” sine frå å dreie seg om å telle talet leste sider til å utvikle arbeidsmåtar som fokuserer på innhaldet i tekstane. Vi får høyre kva lærarane verdset og kva elevane sett pris på med lesing av skjønnlitteratur.

 

  1. Korleis jobbar de med dette på din skule? Bruk om lag 3 minutt for deg sjølv til å skrive ned på post-it lappar kva slags skjønnlitterære leseaktivitetar du har gjort i eiga undervisning.

  2. Del lappane med kvarandre i gruppa. Legg dei utover bordet. Kan aktivitetane sorterast i nokre kategoriar? Kva kategoriar oppstår?

  3. Sorter lappane på ny. 

I filmen trekk skulebibliotekaren fram at når dei jobbar med skjønnlitterær lesing har fokuset endra seg frå mengdelesing til å fokusere i større grad på innhald.

  • Er det mogeleg å plassere aktivitetane de har på lappane i kategoriane innhald og mengdelesing?
Image
gule lapper på tavle