Vidare arbeid med lesestrategiar: Erfaringsdeling
Oppgåva frå sist samling gjekk ut på å planlegge og gjennomføre eit undervisningsopplegg med fokus på lesestrategiar. Del erfaringar i grupper.
Forslag til vidare diskusjon:
- På kva måte vil de ta med erfaringane som kom fram frå utprøvinga i vidare planlegging av nye undervisningssituasjonar med nye tema, tekstar og mål for lesinga?
- Korleis arbeide vidare med eksplisitt strategiopplæring i form av fire faser der målet er at elevane skal verte sjølvstendige og strategiske i si eiga læring?
Dei fire fasene er:
1) Modellering med forklaring
2) Tilpassa rettleiing og støtte
3) Utprøving av strategiar i nye samanhengar (t.d. fag, tekster, læringsmål)
4) Metakognitive refleksjonar med vurdering av prosess og læringsutbytte