Prøv ut i praksis: Lesestimulering
Lag ein plan for korleis du vil sikre lesestimulering i din klasse. Gjennomfør planen, eller deler av den i klassen før neste økt.
Tips: Sjå vedlagt bokliste for forslag til litteratur du kan lese saman med elevane.
Erfaringsdeling:
Avtal når de skal møtast for å dele erfaringar. Start erfaringsdelinga med å sjå på lesestimuleringsplanen, og noter nokon stikkord for deg sjølve om korleis du forsøker å skape eit lesestimulerende miljø i din klasse.
Gå saman i små grupper, eller i plenum:
- Del det de har notert med dei andre. Kommenter og still spørsmål til kvarandre etter kvar deling.
Document
bokliste 1. og 2. trinn, til å lese selv.pdf
(667.97 KB)