Vi startar med ei bevisstgjering kring språk og språkarbeid i den første økta, for deretter å bli kjend med den nynorske barnelitteraturen. Så går vi vidare til korleis ein kan bruke skjønnlitteratur som modelltekst når elevane skal eksperimentere med skriving på nynorsk. I den siste økta går vi nærare inn på ulike skriveoppgåver og korleis ein kan rettleie elevane i skriveprosessen.
Forskingsprosjektet «Tidleg start med nynorsk som sidemål», av Benthe K. Jansson og Hilde Traavik, og liknande prosjekt Nynorsksenteret driv, har gitt kunnskap om nynorskopplæring på mellomsteget.
Gjennom å arbeide med øktene vil de få ny kunnskap om korleis ein kan gje elevane opplæring i nynorsk også i barneskulen. For Kunnskapsløftet er tydeleg på at ein skal undervise i sidemål tidleg. Elevane skal bli lesne for på sidemålet dei to første skuleåra, for deretter å lese sjølve på sidemålet på 3. og 4.trinn. På 5.- 7. trinn skal elevane eksperimentere med skriving på sidemålet.
Dei fem øktene består av:
- Å snakke saman om språk
- Erfaringsdeling
- Litteraturen som språkleg døropnar
- Å eksperimentere med skriving på nynorsk
- Meir skriving