Bruk av pakken "Sidemål på mellomsteget. God start med nynorsk"
Økt 1: Å snakke saman om språk
Mål:
- Å introdusere nynorsk for elevar med bokmål som hovudmål, på bakgrunn av elevane sine tidlege språkerfaringar.
- Å bruke språk og dialekter som grunnlag for samtale.
- At lærarane skal kunne halde utforskande språksamtalar med elevane der dei skal få elevane til å oppdage kva som er likt og ulikt på bokmål og nynorsk.
Slik brukar du økta:
Skriv ut desse dokumenta til alle i lærargruppa:
- Eit tydeleg sidemål for grunnskulen, av Hjalmar Eiksund
- Superheltar, teikneserie av Kristoffer Lindseth
Innhald:
1.1 FILM: Språkkvardagen min (5 min)
1.2 AKTIVERING: Parsamtale i lærargruppa (5 min)
1.3 TEKST og LYDFIL: Eit tydeleg sidemål for grunnskulen (5 min)
1.4 FOREDRAG: Å snakke saman om språk (12 min)
1.5 REFLEKSJONSOPPGÅVE (15 min)
1.6 PRAKTISK OPPGÅVE: Språksamtalar om boblene (15 min)
Økt 2: Erfaringsdeling
I denne økta skal vi bruke plakaten Snakk saman om språk! i arbeidet med å etablere ein kultur for språksamtalar i klasserommet. I tillegg skal vi sjå nærare på tre tekst-utdrag, og førebu desse til bruk i klasserommet.
Mål:
- Å reflektere rundt språksamtalen i klasserommet, og etablere ein kultur i kollegiet og klasserommet der det er kultur for å snakke saman om språk.
- Å utvikle forståing for at det å kunne noko om språk, og å kunne fleire språk, er ein viktig kompetanse.
- Å utvikle positive haldningar til å utforske språk, nynorsk og bokmål gjennom å arbeide samanliknande.
Slik brukar du økta
- Skriv ut plakaten Snakk saman om språk!
- Skriv ut dei tre bok-utdraga, eller ha med datamaskin så du kan lese tekstane på data.
Innhald:
2.1 SPØRSMÅL TIL REFLEKSJON (10 min)
2.2 PLAKAT: Snakk saman om språk! (5 min)
2.3 REFLEKSJON (10 min)
2.4 OPPGÅVE TIL LÆRARANE (25 min)
2.5 OPPDRAG I KLASSEROMMET
Økt 3: Litteraturen som språkleg døropnar
For å lære eit språk må ein bli eksponert for språket, gjennom mykje og variert språkleg innputt. Det er viktig å bli kjend med nynorske tekstar før ein kan starte å skrive sjølve. Språket ein møter i litteraturen styrkjer elevane si eiga skriving og lesing. I litteraturen møter elevane ord og setningar som dei ikkje møter i det munnlege språket.
Mål:
- Lærarane kjenner eit breitt utval av nyare nynorsk barnelitteratur og brukar han i klasserommet (LK 06).
- Lærarane er fortrulege med å lese nynorsk tekst høgt.
Førebuing til økta:
- Skriv ut den illustrerte boklista.
- Ha datamaskin tilgjengeleg for søk på www.nynorskbok.no
Innhald:
3.1 ERFARINGSDELING etter leseoppdraget (15 min)
3.2 MINIFORELESING: Nynorsk barnelitteratur i klasserommet (8 min)
3.3 FILM: Bokpresentasjon (10 min)
3.4 FILM: Den vaksne mellom boka og barnet (7 min)
3.5 BOKLISTE OG SAMTALE (10 min)
3.6 OPPDRAG (15 min)
Økt 4: Å eksperimentere med skriving på nynorsk.
Mål:
Vise korleis læraren kan bruke litteratur og andre modelltekstar som utgangspunkt for skriveaktivitetar. Alt som kan skrivast på bokmål, kan ein også skrive på nynorsk, i alle fag. Vi viser nokre måtar som utprøvingsskulane har jobba med skriving på, som har vist seg å vere vellukka.
- Eksperimentere med skriving av enkle tekstar på sidemål (LK 06)
- Bruke modelltekstar som utgangspunkt for skriveaktivitetar
- Vise korleis ein kan rettleie elevane når dei eksperimenterer med skriving på nynorsk.
Innhald:
4.1 REFLEKSJONSOPPGÅVE (10 min)
4.2 FOREDRAG: Å eksperimentere med skriving på nynorsk (10 min)
4.3 FILM: Å rettleie den utprøvande skrivinga (15 min)
4.4 REFLEKSJONSOPPGÅVE (10 min)
4.5 OPPGÅVE (20 min)
Økt 5: Meir skriving
Mål:
- Bli kjend med kvar ein kan finne nynorskressursar og skriveoppgåver.
- Øve på å rettleie elevane i den utprøvande skrivinga.
- Vurdere praksisen no i forhold til før ein starta arbeidet med «Sidemål for mellomsteget. God start med nynorsk».
Førebuing til økta:
- Skriv ut oppgåvene.
Innhald:
5.1 REFLEKSJON etter skriveoppgåvene (15 min)
5.2 SKRIVEOPPGÅVER (25 min)
5.3 ANDRE RESSURSAR (20 min)