Kartlegging: Prøv ut i praksis

Før neste samling skal de: Ha ein samtale med eigne elevar om litteraturlesing.

Still elevane desse spørsmåla:

  • Kvifor trur du at mange likar å lese skjønnlitteratur?

  • Korleis likar du best å lese litteratur på skulen? (stillelesing, høgtlesing, lese for kvarandre, lese og svare på spørsmål, lese og snakke saman om boka osv.)

 

Gjennomfør samtalen slik: Bruk IGP-metoden, eller det som passar best for din klasse.

  • I (individuelt): Gje elevane tid til å tenke i om lag 3 min., og be dei skrive ned stikkord for seg sjølv.

  • G (gruppe): Set dei saman to og to. Og be dei dele med kvarandre kva dei har tenkt.

  • P (plenum): La elevane dele nokre av tankane i plenum.

 

Samle inn det elevane seier og ta det med til neste samling. Noter óg ned observasjonar og tankar du gjorde deg undervegs. Bruk gjerne vedlagt observasjonsskjema om du vil.