Oppgåve til neste gang: Introduksjon: Skulebiblioteket som pedagogisk ressurs
Oppgåve til leiinga eller ressursgruppa på skulen:
Les innspela i Padlet og reflekter over kva moglegheiter de ser for utvikling av biblioteket på skulen. Kva bør de satse på framover?
Resultatet av arbeidet skal presenterast for personalet på neste samling.
Oppgåve til lærarane:
Planlegg og gjennomfør undervisning der du inkluderer bruk av skulebiblioteket. Bruk inspirasjon frå filmane til å gjere noko anna enn det du har gjort før. Samarbeid gjerne. Skriv ein kort logg om kva erfaringar du gjorde med tanke på kva bruk av skulebiblioteket tilførte undervisninga og kva utfordringar du møtte på.
Ta med loggen på neste samling.