Diskusjon: Å arbeide med kreativ skriving
Diskuter i små grupper, og oppsummer i plenum:
-
Korleis kan de bruke kreative skriveoppgåver i nynorskundervisninga?
-
Kva kan vere fordelane med å bruke undervegsvurdering og selektiv respons i samband med kreativ skriving på nynorsk?
-
I filmen vert omgrepet tolerant tekstrom knytt til å ha ein klasseromskultur der ein snakkar om språk og tekst på ein positiv og tolerant måte. Korleis kan de jobbe for å skape positive haldningar til språk og tekst i klasserommet dykkar?
Tips: Sjå på økta om "Å snakke saman om språk" i pakken Sidemål på mellomsteget. God start med nynorsk.