Fagfilm: "Å arbeide med nynorsk bruksspråk. Ein språkdusj."
I første økt diskuterte de utifrå Språkplakaten nokre konkrete tiltak til språkarbeid i klasserommet. I denne filmen kjem førsteamanuensis Kristin Kibsgaard Sjøhelle med fleire tips og råd til korleis ein kan arbeide med at nynorsk blir eit aktivt bruksspråk på skolen etter det ho kallar språkdusjmetoden.
Noter det du meiner er gode og konkrete framlegg medan du ser filmen, og eventuelle spørsmål du vil diskutere med kollegaene dine.