Prøv ut i praksis: Skriverammer som stillas
Planlegg og prøv ut i praksis:
Planlegg saman korleis de kan bruka skriverammer som grafiske boksar eller startsetningar som støtte for elevane si komande skriving.
Prøv ut skriverammer i praksis i eitt eller fleire av faga dine dei neste vekene.
Erfaringsdeling:
Avtal når de skal møtast for å dela og drøfte erfaringar frå utprøvinga i eiga klasse. Sett av minst 30 minutt. Målet er at delinga skal gje deltakarane nye innsikter og nye eksempel.
- Del erfaringar de har med bruk av skriverammer i klassen, eventuelt lytt til andre sine erfaringar.
- Bruk av skriverammer har sine klåre fordelar, men dei har også sine klåre ulemper. Diskuter fordelar og ulemper ved bruk av skriverammer.
Avslutt erfaringsdelingsøkta med å sjå denne fagfilmen, der førsteamanuensis Anne Håland kjem med fleire tips om bruk av skriverammer.