Samtale: Vidare utforsking i samfunnsfaga
Ein av intensjonanen med Språkløyper er å løfte språk- og tekstarbeidet i klasserommet. I løpet av øktene har de gjennomført følgjande utprøvingar:
- å bruke eit av elementa i kritisk literacy-modellen i undervisninga
- å lese samansette tekstar med elevane
- å formulere engasjerande spørsmål eller utfordrande påstandar
- å utarbeide skriveoppgåve med tilhøyrandre skriveramme
Diskuter i små grupper, og del så i plenum:
- Kva nye lese- og skrivemåtar har de prøvd ut i eiga undervisning, og kva erfaringar gjorde de dykk?
- Kva har bidratt til å skape fagleg engasjement hos elevane?
- Kva vil de gjere meir av eller annleis i undervisninga for å utvikle kritisk literacy hos elevane?
Image