Aktivering av forkunnskapar: Å ha fokus på metodikk
Korleis er stoda på skolen hos dykk?
Individuelt: Skriv ned nokre stikkord til spørsmåla under.
- Korleis legg du opp sidemålsopplæringa di? Kva fungerer bra?
- På kva område ser du moglegheiter for endringar eller utvikling?
- Korleis fungerer samarbeidet når det gjeld sidemålsopplæringa på skolen hos dykk? Kva er det de gjer i fellesskap?
I små grupper: Del stikkorda i gruppa, ein og ein. Har de nokre felles erfaringar?