Vegen vidare: Å stille spørsmål som fremmar engasjement, refleksjon og argumentasjon i samfunnsfaga

Om de vil arbeide vidare med temaet å fremme engasjement, refleksjon og argumentasjon i samfunnsfaga, kan det vere nyttig å undersøke kva spørsmål pedagogiske tekstar eller lærebøker stiller til elevane. 

I artikkelen «Å stille spørsmål som fremmar engasjement, refleksjon og argumentasjon i samfunnsfaga» vert det vist til kva Heather Lattimer (2008) meiner kjenneteiknar essensielle spørsmål i samfunnsfaga:

  1. Spørsmåla tek opp dei store ideane i historie/samfunnsfag.
  2. Spørsmåla har meir enn eitt akseptabelt svar.
  3. Spørsmåla forbinder fortida til notida.

 

Vurder korleis pedagogiske tekstar/ lærebøker de nyttar i undervisninga stiller spørsmål og gir oppgåver, studer tekstane og diskuter:

  1. Kan dei faglege spørsmåla klassifiserast som kjernespørsmål (essensielle spørsmål)?
  2. Fremmar oppgåvene engasjement, refleksjon og kritisk tenking hos elevane?
  3. Ta utgangspunkt i utprøvinga i denne økta: Kva spørsmål/oppgåver er spesielt godt eigna til bruk i eiga undervisning, og korleis supplere/ lage eigne spørsmål?