Fagtekst: "Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga – verktøy til kritisk literacy"
For at elevane skal utvikla seg til å bli kritisk tenkjande og aktive medborgarar, treng dei verktøy i møte med ulike type tekstar, både munnlege og skriftlege.
De skal gjennomføre eit tekstseminar etter IGP-metoden (Individuelt-Gruppe-Plenum), og i fellesskap arbeide med innhaldet i fagteksten “Lesing, skriving og munnlegheit - verktøy til kritisk literacy”.
Individuelt (10 min)
Les fagteksten. Medan du les skal du fortsette å notere på arket med modellen kritisk literacy.
- Noter ned dei arbeidsmåtane knytta til lesing, skriving og munnlegheit som fagteksten skildrar som god praksis.
- Set ring rundt arbeidsmåtar du meiner de kan utvikle vidare, både frå førre diskusjonsoppgåve og som du henta frå teksten.
Gruppediskusjon (5 min)
Diskuter kva som er gode arbeidsmåtar til å fremje kritisk literacy. Bli einige om områder de ynskjer å utvikle og skriv dei på eit eiget ark.
Plenum (5 min)
Gruppene deler det de har komme fram til i fellesskap. Dei som leiar økta gjer det synleg for alle kva for utviklingsområde gruppene har blitt samde om.