Diskusjon: Oppsummering: Lesing av ulike kjelder om same tema

  • Kva kan vere fordelar og ulemper ved å nytte multiple tekstar i undervisninga? 
  • Korleis kan de leggje til rette for vektlegging av kritisk lesing på eigen skule framover? 

 

Diskuter spørsmåla i grupper med utgangspunkt i den individuelle tenkeskrivinga. Bruk siste del av samtalen til å drøfte vegen vidare for praksisutprøving i kollegiet. 

 

Forslag til vegen vidare i Språkløyper:

Den fagovergripande pakka God leseopplæring for ungdomstrinn og vidaregåande har fleire økter med nær samanheng med perspektiva som vert presentert i denne pakka, som også kan vere nyttige for lærarar på mellomtrinnet. Skulebiblioteket kan vere ein god medspelar i arbeidet med multiple tekstar, så det kan vere nyttig å gå inn i denne pakka og sjå på korleis skulen kan leggje til rette for å utvikle elevanes informasjonskompetanse. Når det gjeld temaet kritisk lesing er dette noko som vert utforska grundigare i pakka Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga.

 

Vidare lesing:

Gamlem, S.M. og Rogne,W.M. (2015) Dybdelæring i skolen. Pedlex skoleinformasjon.

Gamlem, S.M. & Rogne, W.M. (2016) Læringsprosesser – Dybdeforståelse, danning og kompetanse. Oslo: Gyldendal Akademisk Forlag.