Film: "Samtale om språk" (del 1)
Denne økta har som mål å skapa forståing for korleis samtalar om språk i tekstar kan vera verdifull skriveopplæring. Denne opplæringa kan skje i ulike fag. I tillegg til eit teoretisk grunnlag viser økta konkrete døme og inviterer til diskusjon.
Første del av fagfilmen "Samtale om språk."
Diskuter i grupper etter filmen:
- Korleis tenkjer du når du spør fram innhaldet i ulike tekstar?
- Korleis tenkjer du når du spør fram strukturen i ulike tekstar?
- Korleis kan samtalar om tekstar bidra til motivasjon og engasjement i skriveprosessen i din klasse
- Kva for samtalar om ulike fagspesifikke skrivemåtar tenkjer du er nødvendig i dine fag i din klasse?
Ta gjerne eit spørsmål om gongen. Del erfaringar med dei andre i gruppa.