Prøv ut i praksis: Å fremme deltaking, engasjement og og kritisk tenking
Med utgangspunkt i kva utviklingsområde de blei samde om: Diskuter korleis de kan arbeide både som faggruppe og i undervisninga for å utvikle nettopp desse områda. Kva vil de gjere meir av eller annleis i undervisninga for å utvikle kritisk literacy hos elevane?
Vel eit av områda de har diskutert som de i par planlegg eit undervisningsopplegg til med mål om å utvikle elevane si literacy-kompetanse. Prøv ut i praksis, og del erfaringar i etterkant.
Erfaringsutveksling:
Avtal når de skal møtast for å dele erfaringar frå undervisningsopplegget. Spørsmåla under kan vere utgangspunkt for erfaringsutvekslinga:
- Kva gjorde du, og korleis gjekk det?
- Var det elevar i klassen som hadde spesielt godt utbytte av undervisninga?
- Kva erfaringar vil du ta med deg vidare i eigen praksis?
- Kva vil du gjere annleis neste gong?
Image
Document
Kritisk_literacy-modell.pdf
(188.26 KB)