God leseopplæring: Bruk av pakken
Her er informasjon om “God leseopplæring” til deg/de som skal leie arbeidet. Du vil finne ein oversikt over innhaldet i pakken og viktig informasjon om gjennomføring av dei ulike fagsamlingane.
Fagpersonar som har utvikla innhaldet i denne pakka:
Pakka er laga av Ingeborg M. Berge og Unni Fuglestad ved Lesesenteret, Universitetet i Stavanger, som også er fagleg ansvarlege for økt 1, 2, 4, 5 og 6. Økt 3 er laga av Trude Alfsvåg, Lesesenteret.
Forarbeid:
Det er viktig at du/dykk som skal leie arbeidet på skolen bruker tid til å bli kjent med innhaldet og organiseringa på førehand. Det vil då vere lettare å styre tida og organisere gruppearbeid, diskusjonar og erfaringsdeling. Sjå meir informasjon om dei enkelte øktene i oversikta nedanfor.
Målgruppe:
“God leseopplæring” går inn på ulike sentrale sider ved lesing som grunnleggjande ferdigheit og er retta mot lærarar i ungdomsskule og på vidaregåande skule.
Organisering:
Pakken består av i alt 6 økter. I øktene vil ein veksle mellom presentasjon av fagleg innhald og ulike spørsmål og diskusjonar. Det er sentralt å setje av nok tid til samtale blant deltakerne, og å tenke gjennom inndeling i grupper på forhånd. Vi anbefaler å setje saman faste grupper av lærarar som arbeider i lag med gjennomføringa av heile pakken. Sjølv om innhaldet er fagovergripande og kan tilpassast og brukast i alle fag, kan det vere ein god idé at lærarar med felles fag arbeider saman i faggrupper.
I dei fleste øktene skal deltakarane lese og drøfte fagtekstar. Den som leiar arbeidet bør vurdere på førehand om tekstane skal lesast på skjerm eller skrivast ut på papir, og om dei eventuelt skal sendast ut i forkant av samlingane.
Informasjon om gjennomføring av dei ulike øktene:
Økt 1 – Kva er lesing?
Vurder om fagteksten «Å lese er meir enn å avkode og forstå» skal lesast på skjerm eller kopierast opp og delast ut. Det kan også fungere godt å senda denne ut i forkant av samlinga og oppmode lærarane som skal delta om å lesa teksten som førebuing.
Økt 2 – Engasjement og forkunnskap
Korleis kan læraren skape auka engasjement for lesing? I denne økta lyttar vi til kva ei gruppe elevar ser som viktig i læraren si planlegging for engasjement, og vi får innsyn i kva forsking trekk fram som sentrale moment.
Som innleiing i økta ligg eit refleksjonsspørsmål. Dette kan godt sendast ut til lærarane i forkant av samlinga:
Tenk over eit undervisningsopplegg du har planlagt og gjennomført, der du opplevde at elevane var engasjerte:
- Kva trur du det var som gjorde at elevane var aktive i læringsarbeidet?
Økta gjev òg ei innføring i kor viktig førlesingsfasen er, og oppgåva til utprøving handlar om å aktivera og/eller byggja forkunnskapar. Ver likevel merksam på at det i mange samanhengar ikkje er naudsynt å bruke for lang tid i førlesingsfasen, og at det av og til kan vere eit godt grep å la elevane få prøva å finna vegen sjølv inn i utfordrande tekstar.
Økt 3 – Arbeid med ord og omgrep
Intensjonen med denne økta om språklege ferdigheiter, er å bli meir bevisste på kva for utfordringar elevar kan kjenne på i møte med skulen sine tekstar og korleis ein som leselærarar kan hjelpe dei i ulike fag sine tekstar og tekstkulturar.
I øktelementet «Introduksjon» skal deltakarane velje den teksten som er «mest ukjent». Den som leiar samlinga bør passe på at dei som veit kva «Green text-forteljingar» er, vel ein av dei andre tekstane. Vurder også om tekstane som ligg til nedlasting (hekleoppskrift, golfreglar og green-text forteljingar) skal kopierast i forkant av samlinga.
Økt 4 – Å utvikla strategiske lesarar
Kva er det strategiar og strategisk tilnærming eigentleg handlar om? I økta er det eit sentralt poeng at metoden eller verktøyet ikkje er eit mål i seg sjøl. Det er også eit mål å bevisstgjere læraren på kva det vil seie å modellere, og få fram at dette er arbeid som må vere langsiktig, strukturert og systematisk frå læraren si side før elevane meistrar det sjølvstendig.
Vurder om fagteksten «Lesestrategiar – middel, ikkje mål» skal lesast på skjerm eller kopierast opp og delast ut. Her kan det også vere naudsynt å minne om at det står «kommentere kort» i lesebestillinga, og det bør opplysast om kor lang tid lærarane har til lesing og samtale.
Økt 5 – Vidare arbeid med lesestrategiar
For at arbeid med lesestrategiar skal bli ein integrert del av praksis er det naudsynt å arbeide med dette strukturert over tid. I tillegg til å drøfte erfaringar frå praksisutprøving foreslår me derfor vidare fagleg fordjuping med utgangspunkt i artikkelen «Lesestrategier – en kunnskapsoversikt».
Brevik, Tengberg og Ekström presenterer her ei tredeling av lesestrategiar, i memorering, fordjuping og kontrollstrategiar. Sjølv om kategoriseringa av strategiar i økt 4 og 5 er litt forskjellig, formidlar dei to øktene det same hovudpoenget om at elevane treng å utvikle eit rikt repertoar av strategiar, og at det er målet for lesinga som styrer kva strategi som er mest hensiktsmessig.
Økt 6 – Å utvikla lesarar med god tekstkompetanse
Denne økta går inn på nokre utfordringar elevar kan ha når det gjeld å orientere seg i tekstar på ein hensiktsmessig måte. At spørsmål og oppgåver ein gir elevane i tilknyting til tekstarbeid styrer måten dei les på er eit sentralt poeng.
Til diskusjonen etter lesing av fagteksten i økta er det eit punkt som handlar om å studere eit læreverk eller annan pedagogisk tekst: det vil vere tidssparande å ha gjort alle merksame om dette på førehand og be lærarane om å ha med seg ein pedagogisk tekst som skal brukast i nær framtid. Ver også merksam på at økta har ein plakat som vedlegg som kan skrivast ut og brukast som støtte i undervisningsplanlegging.
Kopling til andre ressursar i Språkløyper:
Når ein er ferdig med «God leseopplæring», kan det vere naturleg å gå vidare til andre fagovergripande pakkar som «Nasjonale prøver i lesing» (for ungdomstrinnet), «God skriveopplæring», «Lesing av ulike kjelder om same tema» eller «Studieforberedt», eller vurdere ulike fagspesifikke pakkar som f.eks «Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga», «Norskfaglege praksisar», «Å lese og skrive fagtekster i teknikk og industriell produksjon, elektro og bygg og anlegg», «Lesing og lesemotivasjon i helse- og oppvekstfag» eller «Lesing og skriving i design og håndverk».
Generelle tips knytta til arbeid med Språkløyper:
Arbeidet med Språkløyper bør vere forankra i lokale planar der fagsamlingane er datofesta. Tida som er oppgitt til kvart øktelement er rettleiande, og du som leier arbeidet kan gjere lokale tilpassingar og utval. Når det er lagt opp til samtaler i grupper anbefaler vi mellom 3 og 5 deltakarar i gruppa.
Dei fleste øktene munnar ut i oppgåver eller forslag til utprøvingar i eigen praksis, og det er viktig at det er nok tid til å gjennomføre desse. Vi anbefaler difor om lag ei økt i månaden. Vurder korleis oppgåvene kan tilpassast den lokale konteksten på ein god måte, kva periode opplegget skal planleggjast og gjennomførast, og avtal når erfaringsdelinga skal skje. Før ein går i gang med nytt fagstoff i ei ny økt er det viktig at lærarane får tid til å reflektere over og dele erfaringar frå arbeidet som har blitt gjort i mellomtida. På nokre skular vil det passe best å leggje denne erfaringsdelinga i forkant av ei ny økt, andre stader er det mest hensiktsmessig at gruppene som samarbeider bestemmer når delinga skal føregå. Det bør setjast av om lag 60 minutt til gjennomgang av ei ny økt, og 30-60 minutt til samlingar for erfaringsdeling.
Vi ser det som svært viktig at det vert sett av nok tid til å gjennomføre refleksjonsoppgåvene og praksisutprøvingar. Vi lærer ved å prøve ut, samtale, tenke, drøfte og reflektere. I Språkløyper ønsker vi å skape rom for refleksjon gjennom faglege diskusjonar rundt eigen og andre sin praksis. Det handlar om å øve opp eit analytisk blikk, der ein spør kvarandre «kva gjer vi, og kvifor gjer vi det?».
Nokre pakker i Språkløyper passar å bruke felles i samla personale, andre passar for utvalde grupper av lærarar. Arbeidet kan gjerne organiserast i form av faste grupper som samarbeider over tid. Desse kan organiserast ut frå trinn eller fag, men det kan også vere fruktbart for utviklingsprosessane å sette saman nye grupper på tvers av allereie eksisterande samarbeidsgrupper.