Bruk av pakken: Norskfaglige praksiser

Her er informasjon om “Norskfaglige praksiser” til deg/de som skal leie arbeidet. Du vil finne ei oversikt over innhaldet i pakka og viktig informasjon om gjennomføring av dei ulike fagsamlingane. 

 

Fagpersonar og fagmiljø som har utvikla innhaldet i denne pakka:

Aslaug Fodstad Gourvennec og Margrethe Sønneland (pakkeansvarlege), Atle Skaftun, Arne Olav Nygard og Ingeborg M. Berge ved Lesesenteret, og Kjersti Rognes Solbu, Marthe Lønnum og Peter Mørk ved Skrivesenteret.

 

Førebuing:

Det er viktig at du/de som skal leie arbeidet på skulen bruker tid til å bli kjent med innhaldet og organiseringa på førehand. Det vil då vere lettare å styre tida og organisere gruppearbeid, diskusjonar og erfaringsdeling. Sjå informasjon under om kva som bør vere gjort klart før de møtest, og sjå gjennom dei ulike elementa i økta de skal arbeide med. Merk spesielt om det er informasjon eller vedlegg som bør delast med lærarane i forkant, og kva oppgåve(r) som ligg i økta.

 

Målgruppe: 

“Norskfaglige praskiser” er retta mot lærarar som underviser i norsk i ungdomsskulen.

 

Organisering:

Pakka består av i alt 6 økter der kvar økt tar for seg ulike sider ved sentrale verdier, tenke- og arbeidsmåtar i norskfaget. I øktene vil ein veksle mellom presentasjon av fagleg innhald og ulike spørsmål og diskusjonar. Det er sentralt å setje av nok tid til samtale blant deltakarane, og å tenke gjennom inndeling i grupper på førehand.

 

Informasjon om gjennomføring av dei ulike øktene:

Økt 1 – Hva er norskfaglige praksiser?

Målet for økta er å setje i gang refleksjonar kring den norskfaglege praksisen hos den enkelte faglærer og i lærarkollegiet eller norskavdelinga ved skulen. Denne økta presenterer kva som kjenneteiknar norskfaglege praksisar.

I økta kan de lage eit felles arbeidsdokument, som kan bli nytta vidare i arbeidet med pakken. Målet med fellesdokumentet er at det skal vere tilgjengeleg og levande for kollegiet.

Følgjande dokument kan kopierast opp før økta:

 

Økt 2 – Erfaringsutveksling og tekstseminar

Målet med økta er å dele erfaringar frå tekstarbeid i ei undervisningsøkt, og fordjupe seg i språk lesing og skriftspråk som reiskapar til læring.

I denne økta skal lærarane delta i eit tekstseminar. Det kan vere ein fordel om dei har lest gjennom teksten før øktarbeidet.  

Følgjande dokument bør kopierast opp før økta:

 

Økt 3 – Litterære samtaler

Målet for økta er at lærarar saman får utforske opne litterære samtaler om praksis og erfare korleis ein i denne praksisen kan leggje til rette for tre prinsipp for læring; å bevege seg frå 1) det trygge til det risikable, 2) relevans til forståing, og 3) modellering til øving.

I økta skal de lytte til ein podcast. Vurder om de vil spele han av i plenum, eller om kvar enkelt lyttar frå pc/mobil med øyretelefonar.

I utprøvinga til neste gang, kan ein velje mellom å gjennomføre oppdrag A eller B. Det er og mogleg å gjennomføre begge oppdraga.

Følgjande dokument kan kopierast opp før økta:

 

Økt 4 – Muntlighet i norskfaget

Målet for økta er å sjå nærare på dei ulike rollene munnlegheit kan ha i norskfaget, og særleg på kor sentrale samtalen og elevane sitt kvardagsspråk er for å utvikle forståing i faget. Økta gir og eit døme på korleis lærarar kan vurdere munnlege gruppesamtaler.

Praksisfilmen i økta inneheld fyrst ein del som viser arbeid med tekst og samtaler i klasserommet og deretter ein del som viser vurdering av ei gruppesamtale. Her kan det vere fint å pause filmen etter 3 minutter (3.17) for å oppsummere før ein ser vidare. Undervisningsopplegget som ligg til grunn for filmen er nærare presentert i artikkelen «Da oppdaget jeg mye nytt som jeg ikke så første gangen». Den som leiar samlinga kan vurdere om deltakarane skal ha lese teksten før samlinga.

Følgjande dokument kan kopierast opp før økta:

 

Økt 5 – Å skrive kreative tekster

Målet for økta er å reflektere over kva som kjenneteiknar kreative elevprodukt (tekstar) og å vise korleis ein kan leggje til rette for kreative skriveprosessar i klasserommet.

Følgjande dokument bør kopierast opp før økta:

 

Økt 6 – Det utvida tekstomgrepet – analysere, tolke og skape samansette tekstar

Denne økta tar føre seg samansette tekstar og rører ved spørsmål om kva samansette tekstar er og kva relevans det har for skulen. Målet er å freiste å setje omgrepet inn i ein samanheng slik at det kan opne opp for å forstå korleis ein kan både analysere, tolke, skape og vurdere samansette tekstar i skulen.  

Det viktige i denne økta er å peike på samansette tekstar som eit perspektiv på alle typar tekst - å sjå på ein tekst som samansett kan opne opp for å sjå på tekstar frå fleire sider og kanskje slik få ei rikare forståing av kva det er i ein tekst som skapar meining, på tvers av både sjangrar og medium.

Følgjande dokument bør kopierast opp før økta:

 

Forankring i lærplanverket:

«Norskfaglige praksiser» er forankra i ei fagspesifikk forståing av dei grunnleggjande ferdigheita lesing, skriving og munnlege ferdigheiter slik dei blir presentert i Læreplanen i norsk (KL20). I tillegg er prinsipp om utforsking, kreativitet og engasjement frå Overordnet del (Utdanningsdirektoratet, 2017), sentrale i pakken.

 

Kopling til andre ressursar i Språkløyper:

 

Generelle tips knytta til arbeid med Språkløyper:

Arbeidet med Språkløyper bør vere forankra i lokale planar der fagsamlingane er datofesta. Tida som er oppgitt til kvart øktelement er rettleiande, og du som leier arbeidet kan gjere lokale tilpassingar og utval. Når det er lagt opp til samtaler i grupper anbefaler vi mellom 3 og 5 deltakarar i gruppa.

Dei fleste øktene munnar ut i oppgåver eller forslag til utprøvingar i eigen praksis, og det er viktig at det er nok tid til å gjennomføre desse. Vi anbefaler difor om lag ei økt i månaden. Vurder korleis oppgåvene kan tilpassast den lokale konteksten på ein god måte, kva periode opplegget skal planleggjast og gjennomførast, og avtal når erfaringsdelinga skal skje. Før ein går i gang med nytt fagstoff i ei ny økt er det viktig at lærarane får tid til å reflektere over og dele erfaringar frå arbeidet som har blitt gjort i mellomtida. På nokre skular vil det passe best å leggje denne erfaringsdelinga i forkant av ei ny økt, andre stader er det mest hensiktsmessig at gruppene som samarbeider bestemmer når delinga skal føregå. Det bør setjast av om lag 60 minutt til gjennomgang av ei ny økt, og 30-60 minutt til samlingar for erfaringsdeling.

Vi ser det som svært viktig at det vert sett av nok tid til å gjennomføre refleksjonsoppgåvene og oppdraget. Vi lærer ved å prøve ut, samtale, tenke, drøfte og reflektere. I Språkløyper ønsker vi å skape rom for refleksjon gjennom faglege diskusjonar rundt eigen og andre sin praksis. Det handlar om å øve opp eit analytisk blikk, der ein spør kvarandre «kva gjer vi, og kvifor gjer vi det?».

Nokre pakker i Språkløyper passar å bruke felles i samla personale, andre passar for utvalde grupper av lærarar. Arbeidet kan gjerne organiserast i form av faste grupper som samarbeider over tid. Desse kan organiserast ut frå trinn eller fag, men det kan også vere fruktbart for utviklingsprosessane å sette saman nye grupper på tvers av allereie eksisterande samarbeidsgrupper.