Bruk av pakken: Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga
Her er informasjon om “Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga” til deg/de som skal leie arbeidet. Du vil finne ei oversikt over innhaldet i pakken og viktig informasjon om gjennomføring av dei ulike fagsamlingane.
Fagpersonar som har utvikla innhaldet i denne pakka:
Pakka er laga av Trude Alfsvåg, Unni Fuglestad, Bente Stausland Skartveit og Hanne Egenæs Staurseth, ved Lesesenteret. Stine Aarønes Angvik og Peter Mørk, ved Skrivesenteret.
Forarbeid:
Det er viktig at du/dykk som skal leie arbeidet på skolen bruker tid til å bli kjent med innhaldet og organiseringa på førehand. Det vil då vere lettare å styre tida og organisere gruppearbeid, diskusjonar og erfaringsdeling. Sjå meir informasjon om dei enkelte øktene i oversikta nedanfor.
Målgruppe:
“ Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga” går inn på ulike sentrale sider ved lesing, skriving og munnlegheit som grunnleggjande ferdigheit og er retta mot lærarar i grunnskulen og på vidaregåande skule.
Organisering:
Pakken består av fire økter med fagleg innhald, og ei økt til oppsummering og vidare utforsking. I øktene vil ein veksle mellom presentasjon av fagleg innhald og ulike spørsmål og diskusjonar. Mange av spørsmåla som blir stilt og oppgåvene som blir gitt, kan ein med fordel gjere fleire gonger. Det er sentralt å setje av nok tid til samtale blant deltakarane, og å tenke gjennom inndeling i grupper på førehand. Det kan vere ein fordel å opprette ei felles mappe der de lagrar oppgåver, notat og undervisningsopplegg de lagar i løpet av arbeidet med denne pakka.
I nokre av øktene skal deltakarane lese og drøfte fagtekstar. Den som leiar arbeidet bør vurdere på førehand om tekstane skal lesast på skjerm eller skrivast ut på papir, og om dei eventuelt skal sendast ut i forkant av samlingane.
I profesjonelle læringsfellesskap har arbeidet med å utvikle kvaliteten på undervisninga best vilkår på skular der lærarane samarbeider og deler kunnskap og erfaringar (Elstad & Helstad, 2014).
Informasjon om gjennomføring av dei ulike øktene:
Økt 1: Å fremme deltaking, engasjement og kritisk tenking
Denne økta presenterer kva som kjenneteiknar lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga og korleis ein kan arbeide med desse grunnleggjande ferdigheitene i undervisninga.
Element som kan printast ut og kopierast opp før økta:
- Fagtekst: Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga – verktøy til kritisk literacy
- Modell: Kritisk literacy
Økt 2: Å arbeide med tekst og lesing
Denne økta ser nærare på lesing i samfunnsfaga og kva som kjenneteiknar tekstar ein les i samfunnsfaga, samansette tekstar.
Til økta kan de ta med tekstar, autentiske eller frå læreboka, de har lese eller skal lese i nær framtid til diskusjon. Om de ikkje har eigne tekstar tilgjengeleg, er det delt lenker til tekstar de kan diskutere i økta.
Element som kan printast ut og kopierast opp før økta:
- Fagtekst: «Å lese samansette tekstar i samfunnsfaga”
Forslag til vidare arbeid med tekstarbeid og lesing i samfunnsfaga: undervisningsopplegget «Forholdet mellom vær, klima og vegetasjon".
Økt 3: Å stille spørsmål som fremmar engasjement, refleksjon og argumentasjon i samfunnsfaga
I denne økta skal de drøfte på kva måte autentiske samfunnsfaglege spørsmål kan opne for engasjement og refleksjon. Økt 4 legg opp til at ein kan arbeide vidare med spørsmål/påstandar som vart arbeidd med her i økt 3, så ta vare på dokumentasjon av arbeidet undervegs.
Følgjande dokument kan bli printa ut og kopiert opp før økta:
- Fagtekst: "Å stille spørsmål som fremmar engasjement, refleksjon og argumentasjon i samfunnsfaga”.
- Ressurs: Steg-for-steg-oppskrift til å lage spørsmål og påstander.
Økt 4: Å støtte elevane si skriving i samfunnsfaga
Denne økta handlar om korleis lærarar kan støtte elevane si skriving i samfunnsfaga. Økta kjem inn på korleis læraren kan støtte elevane si skriveutvikling gjennom bruk av skriverammer, skriveoppgåver og undervegsvurdering.
Før økta må dette domumentet skrivast ut til alle deltakarane:
- Fagtekst: «Skriving i samfunnsfaga»
- Ressurs: Skriverammer og samfunnsfaglege teksttypar (nynorsk/bomål)
- Ressurs: Delferdigheiter i samfunnsfagleg skriving
Økt 5 : Vidare utforsking i samfunnsfaga
Målet for økta er å oppsummere erfaringar frå arbeidet med lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga, og identifisere kva område de ønsker å arbeide vidare med for å utvikle praksis.
Kopling til andre ressursar i Språkløyper:
Det er fleire ressursar i Språkløyper som det kan vere interessant for lærare i samfunnsfaga å arbeide vidare med. Dei to fagovergripande pakkane «God leseopplæring» og «God skriveopplæring» vil innehalde mykje relevant fagstoff for lærarar i samfunnsfaga. Pakken «Lesing av ulike kjelder om same tema» kan vere nytting, om ein ynskjer å øve opp elevane sine ferdigheiter til å vurdere ulike kjelder til kunnskap og tenke kritisk. I tillegg kan ein fordjupe seg i ulike utfordringar innanfor lesing i den fagovergripande pakken «Nasjonale prøver i lesing», som til dømes ser på tema som å lese kritisk, lesing av multiple tekstar og å lese samansette tekstar.
Generelle tips knytta til arbeid med Språkløyper:
Arbeidet med Språkløyper bør vere forankra i lokale planar der fagsamlingane er datofesta. Tida som er oppgitt til kvart øktelement er rettleiande, og du som leier arbeidet kan gjere lokale tilpassingar og utval. Når det er lagt opp til samtaler i grupper anbefaler vi mellom 3 og 5 deltakarar i gruppa.
Dei fleste øktene munnar ut i oppgåver eller forslag til utprøvingar i eigen praksis, og det er viktig at det er nok tid til å gjennomføre desse. Vi anbefaler difor om lag ei økt i månaden. Vurder korleis oppgåvene kan tilpassast den lokale konteksten på ein god måte, kva periode opplegget skal planleggjast og gjennomførast, og avtal når erfaringsdelinga skal skje. Før ein går i gang med nytt fagstoff i ei ny økt er det viktig at lærarane får tid til å reflektere over og dele erfaringar frå arbeidet som har blitt gjort i mellomtida. På nokre skular vil det passe best å leggje denne erfaringsdelinga i forkant av ei ny økt, andre stader er det mest hensiktsmessig at gruppene som samarbeider bestemmer når delinga skal føregå. Det bør setjast av om lag 60 minutt til gjennomgang av ei ny økt, og 30-60 minutt til samlingar for erfaringsdeling.
Vi ser det som svært viktig at det vert sett av nok tid til å gjennomføre refleksjonsoppgåvene og praksisutprøvingar. Vi lærer ved å prøve ut, samtale, tenke, drøfte og reflektere. I Språkløyper ønsker vi å skape rom for refleksjon gjennom faglege diskusjonar rundt eigen og andre sin praksis. Det handlar om å øve opp eit analytisk blikk, der ein spør kvarandre «kva gjer vi, og kvifor gjer vi det?».
Nokre pakker i Språkløyper passar å bruke felles i samla personale, andre passar for utvalde grupper av lærarar. Arbeidet kan gjerne organiserast i form av faste grupper som samarbeider over tid. Desse kan organiserast ut frå trinn eller fag, men det kan også vere fruktbart for utviklingsprosessane å sette saman nye grupper på tvers av allereie eksisterande samarbeidsgrupper.