Film: Å vere skrivelærar i norsk
I læreplanen i norsk er det framheva at elevane skal få oppleve skriveopplæringa som meiningsfull. Å skape meining gjennom skriving inneber at skrivinga fyller eit formål eller ein funksjon for skrivaren sjølv eller i interaksjon med andre. Kvifor skriv vi det vi skriv? Kva ønskjer vi å oppnå? Elevane skal og få uttrykke tekstoppleving gjennom leik, song, teikning, skriving og andre kreative aktivitetar. I denne filmen får vi sjå korleis modelltekstar kan gje elevane skrivestøtte i norskfaget.