Bøker gir inspirasjon
I Ølensjøen FUS barnehage har dei tilsette forstått verdien av å formidla bøker om igjen. I denne filmen får me sjå korleis boka gir inspirasjon til nye språkstimulerande aktivitetar.
Barn elskar repetisjon, og repetisjon er òg nødvendig for språklæringa. For kvar gong ei bok blir formidla om igjen, møter barna språket på ny. Dei får bekrefta det dei veit, dei får bruka språket og dei får utvida erfaringane sine. Eit godt døme på repetert lesing er arbeidet med Mopp og Mikko-bøkene i Ølensjøen FUS barnehage.
I denne filmen får me sjå og høyra om korleis boka Mopp og Mikko elskar mat har gitt inspirasjon til å gjera ein handletur saman med Mopp og Mikko. Aktivitetar etter lesing inneheld bearbeiding av det som skjer i boka, og dette er gode språkstimulerande aktivitetar. Bøkene gir oss noko å snakka om, dei gir oss næring til kvardagssamtalen og dei er modellar for aktivitetar me kan gjere saman med barna.