Bruk av pakka: Nynorsk som sidemål

Her er informasjon om Nynorsk som sidemål til deg/dykk som skal leie arbeidet. Du vil finne ei oversikt over innhaldet i pakka og viktig informasjon om gjennomføring av dei ulike fagsamlingane.

Fagpersonar og fagmiljø som har utvikla innhaldet i denne pakka:

Høgskulelektor Reidun Kydland og rådgjevar Marit Brekke ved Nynorsksenteret.

 

Førebuing:

Det er viktig at du/de som skal leie arbeidet på skolen bruker tid til å bli kjent med innhaldet og organiseringa på førehand. Det vil då vere lettare å styre tida og organisere gruppearbeid, diskusjonar og erfaringsdeling. Sjå informasjon under om kva som bør vere gjort klart før de møtest, og sjå gjennom dei ulike elementa i økta de skal arbeide med. Merk spesielt om det er informasjon eller vedlegg som bør delast med lærarane i forkant, og kva oppgåve(r) som ligg i økta.

 

Målgruppe: 

Pakka Nynorsk som sidemål for ungdomstrinnet er retta mot lærarar som underviser i norsk på ungdomstrinnet, og for andre som er interesserte i å få til ei god nynorskopplæring.

 

Organisering:

Pakka består av i alt fem økter der kvar økt tar for seg ulike sider ved nynorsk som sidemål. I øktene vil ein veksle mellom presentasjon av fagleg innhald og ulike spørsmål og diskusjonar. Det er sentralt å setje av nok tid til samtale blant deltakarane, og å tenke gjennom inndeling i grupper på førehand.

 

Informasjon om gjennomføring av dei ulike øktene:

Økt 1 – Å ha fokus på metodikk

Målet for økta er å snakke saman om korleis ein arbeider med nynorsk sidemål på skolen. Det handlar om noko av kva lærarar og elevar kan oppleve som utfordrande med nynorskopplæring, og korleis ein kan møte desse utfordringane.

Følgjande dokument kan kopierast opp før økta:

Språkplakaten er også fin å henge opp i fellesareala.

 

Økt 2 – Nynorsk som aktivt bruksspråk

I denne økta blir det presentert ein metodikk kalt språkdusj. Det handlar om korleis ein kan gjere elevane meir vande med å sjå og bruke nynorsk i ulike samanhengar. I økta blir det gitt konkrete tips til korleis ein kan bruke nynorsk på mange måtar i klasserommet.

Følgjande dokument kan kopierast opp før økta:

 

Økt 3 – Å arbeide med kreativ skriving

Denne økta handlar om å prøve ut kreativ skriving i klasserommet, og om å hente fram bakgrunnskunnskap gjennom sjølv å skrive om eit avgrensa tema.

I økta er det ein fagfilm som er knytt til spørsmåla: Kva er kreativ skriving? Kvifor drive med kreativ skriving på sidemålet? Korleis drive med kreativ skriving på sidemålet? Diskuter gjerne desse spørsmåla etter å ha sett filmen, eller vel de dei som høver best for dykk.

I siste øktelement er det eit intervju med forfattar og skrivekurslærar Marianne Clementine Håheim. I filmen fortel ho både om kvifor kreativ skriving har ein verdi i skriveopplæringa i skulen, og i tillegg kjem ho med konkrete tips til lærarane.

 

Økt 4 – Å arbeide med nynorsk litteratur som utgangspunkt for skriving

Målet med økta er å illustrere korleis ein kan bruke litterære tekstar som utgangspunkt for å skrive ved hjelp av skriverammer. I økta får de tips til aktuell litteratur til bruk i ungdomsskolen.

Ein kan gjerne bruke skjønnlitterære tekstar som utgangspunkt for skriving. Vedlagt finn de eit utdrag av Aina Bassos Inn i elden, men det er også råd å velje ein annan litterær tekst om de vil det. Den litterære teksten skal først og fremst fungere som  ein inspirasjon til at elevane skal skrive sjølv. Teksten kan lesast høgt i klasserommet, eller elevane kan lese sjølv.

Følgjande dokument kan kopierast opp før økta:

 

Økt 5 – Oppsummering og vegen vidare

Målet for økta er å oppsummere det arbeidet som har vore gjort til noe, og reflektere over korleis de skal arbeide med nynorsk sidemål framover.

Følgjande dokument kan kopierast opp før økta:

 

Forankring i læreplanverket:

I læreplanen for norskfaget står det at elevane skal «bli trygge språkbrukere og bevisste på sin egen språklige og kulturelle identitet innenfor et inkluderende fellesskap der flerspråklighet blir verdsatt som en ressurs» (LK20). Elevane skal utvikle dei grunnleggjande ferdigheitene sine i lesing og skriving til stadig å meistre både hovudmål og sidemål med større språkleg sikkerheit. I kjerneelementa og kompetansemåla kjem tydinga av gode sidemålesopplæring til uttrykk fleire stadar. Til dømes skal elevane "utforske og reflektere over skjønnlitteratur og sakprosa på både bokmål og nynorsk", og dei skal  "skrive på hovedmål og sidemål i ulike sjangre og for ulike formål" (LK20). 

Om undervegsvurdering i norskfaget står fylgjande: «I halvårsvurderingene på 8. og 9. trinn skal læreren gi én karakter i norsk muntlig og én i norsk skriftlig. Halvårsvurderingen i norsk skriftlig skal gis ut fra elevenes skrivekompetanse i både hovedmål og sidemål. I halvårsvurderingen for 10. trinn skal læreren gi tre karakterer, som i standpunktvurderingen etter 10. trinn» (LK20).

 

Generelle tips knytta til arbeid med Språkløyper:

Arbeidet med Språkløyper bør vere forankra i lokale planar der fagsamlingane er datofesta. Tida som er oppgitt til kvart øktelement er rettleiande, og du som leier arbeidet kan gjere lokale tilpassingar og utval. Når det er lagt opp til samtaler i grupper anbefaler vi mellom 3 og 5 deltakarar i gruppa.

Dei fleste øktene munnar ut i oppgåver eller forslag til utprøvingar i eigen praksis, og det er viktig at det er nok tid til å gjennomføre desse. Vi anbefaler difor om lag ei økt i månaden. Vurder korleis oppgåvene kan tilpassast den lokale konteksten på ein god måte, kva periode opplegget skal planleggjast og gjennomførast, og avtal når erfaringsdelinga skal skje. Før ein går i gang med nytt fagstoff i ei ny økt er det viktig at lærarane får tid til å reflektere over og dele erfaringar frå arbeidet som har blitt gjort i mellomtida. På nokre skular vil det passe best å leggje denne erfaringsdelinga i forkant av ei ny økt, andre stader er det mest hensiktsmessig at gruppene som samarbeider bestemmer når delinga skal føregå. Det bør setjast av om lag 60 minutt til gjennomgang av ei ny økt, og 30-60 minutt til samlingar for erfaringsdeling.

Vi ser det som svært viktig at det vert sett av nok tid til å gjennomføre refleksjonsoppgåvene og oppdraget. Vi lærer ved å prøve ut, samtale, tenke, drøfte og reflektere. I Språkløyper ønsker vi å skape rom for refleksjon gjennom faglege diskusjonar rundt eigen og andre sin praksis. Det handlar om å øve opp eit analytisk blikk, der ein spør kvarandre «kva gjer vi, og kvifor gjer vi det?».

Nokre pakker i Språkløyper passar å bruke felles i samla personale, andre passar for utvalde grupper av lærarar. Arbeidet kan gjerne organiserast i form av faste grupper som samarbeider over tid. Desse kan organiserast ut frå trinn eller fag, men det kan også vere fruktbart for utviklingsprosessane å sette saman nye grupper på tvers av allereie eksisterande samarbeidsgrupper.