Introduksjon: Kunnskapsutvikling gjennom samtaler

”Kunnskapsutvikling gjennom samtaler” handler om å utvikle praksis gjennom utforskende samtaler i et trygt læringsfellesskap.

 

Notat til slide 1:

Målet for denne økta er å sjå på korleis lærarar kan læra saman. Korleis kan me utvikla kvalitet i måten me samarbeider og samtalar på? Det er ein etablert praksis med lærarsamarbeid i norsk skule, med trinn, team og faggrupper som arbeidar saman, men ofte blir mykje av denne tida brukt til praktisk planlegging. ”Kunnskapsutvikling gjennom samtalar” handlar om korleis me som fellesskap kan utforska og utvikla praksis. Gjennom to filmar vil me invitera til å reflektera over eigen samarbeids- og samtalekultur. Målet er å bli bevisst det store utviklingspotensialet som ligg i å arbeida saman, der ein både støttar og utfordrar kvarandre. For å skapa ein kultur for læring i lærarkollegiet er det nyttig å setja seg ned saman og snakka om nettopp dette: korleis ønskjer me på vår skule å arbeida i lag på ein konstruktiv måte, og korleis skal me få dette til?

Notat til slide 2:

I den første filmen: ”Frå repeterande til utforskande samtalar” møter me ei gruppe lærarar som skal diskutera resultata frå nasjonale prøver. Det sentrale i denne samanhengen er måten dei snakkar saman på, meir enn kva dei snakkar om. Hovudpoenget er altså ikkje at det er nasjonale prøver som er tema, men at slike faglige samtalar mellom lærarar kan ha ulik kvalitet, dei kan vera overflatiske eller dei kan gå meir i dybden. Førsteamanuensis Kristin Helstad analyserer samtalane og peiker på forskjellar mellom svak og sterk refleksjon. Her er ei ordsky med omgrep de møter i filmen, så bruk gjerne eit par minutt til å summe om desse før de ser filmen.