Bruk av pakken: Lesing av ulike kjelder om same tema

Her er informasjon om “Lesing av ulike kjelder om same tema” til deg/de som skal leie arbeidet. Du vil finne ein oversikt over innhaldet i pakken og viktig informasjon om gjennomføring av dei ulike fagsamlingane.  

 

Fagpersonar som har utvikla innhaldet i denne pakken: 

Fagleg ansvarleg for pakka er førsteamanuensis Wenke Mork Rogne, Høgskulen i Volda, i samarbeid med Marit Wadsten, Nynorsksenteret, HVO og Unni Fuglestad, Lesesenteret, UiS 

 

Forarbeid: 

Det er viktig at du/dykk som skal leie arbeidet på skolen bruker tid til å bli kjent med innhaldet og organiseringa på førehand. Det vil då vere lettare å styre tida og organisere gruppearbeid, diskusjonar og erfaringsdeling. Det er særleg viktig å tenke gjennom korleis ein vil organisere praktisk utprøving/ workshop i første økt, og korleis oppgåva i økt to skal planleggjast og følgjast opp. Sjå meir informasjon om dei enkelte øktene i oversikta nedanfor. 

 

Målgruppe:  

«Lesing av ulike kjelder om same tema» er ein fagovergripande kompetanseutviklingspakke retta mot lærarar i både grunnskule (mellomtrinn og ungdomsskule) og vidaregåande opplæring. 

 

Organisering: 

Pakken består av tre økter. Øktene vil veksle mellom å formidle fagstoff via artikkellesing (økt 1) og film (økt 2), og opne for arbeid med refleksjonsoppgåver aleine, i grupper og i fellesskap. Vi ser det som viktig at du/de som leiar arbeidet set av nok tid til å gjennomføre refleksjonsoppgåver og erfaringsdeling.  

Mange av spørsmåla som vert reist og oppgåva som blir gitt til utprøving i økt to kan med fordel gjerast fleire gonger. Det vil ta omlag 60 minutt å gjennomføre økt 1 og 2, men det kan vere ein fordel å setje av enda meir tid til diskusjonane, spesielt dersom ein vil gå grundig inn i spørsmål knytta til workshopen i økt 1. Til erfaringsutvekslingsøkt 3 tilrår vi mellom 40-60 min. 

Økt 1 og 2 er nært knytte saman fagleg, og kan gjerne gjennomførast utan for langt opphald mellom, medan det bør leggjast inn god tid til å få planleggje og gjennomføre eit undervisningsopplegg etter økt 2. 

 

Informasjon om gjennomføring av dei ulike øktene: 

Økt 1 –  Kvifor lese ulike tekstar om same tema? 

Denne økta ser på samanhengen mellom lesing av fleire kjelder og utvikling av kritisk tenking. Eit sentralt poeng her er å støtte elevane i å utvikle kjeldemedvit, kunne samanstille informasjon og setje informasjon inn i ein kontekst, noko som vert utdjupa i fagteksten «Kvifor lese ulike tekstar om same tema?». Mange vil nok setje pris på å lese teksten på papir, så print gjerne ut og kopier opp denne. 

Instruksar ein får før lesing (lesebestillingar) og rekkjefølgja ein les ulike tekstar i kan prege tolkinga av det ein les om, noko workshopen i denne økta illustrerer. Denne praktiske utprøvinga krev litt førebuing: kopier opp teksthefte A til halvparten av deltakarane og B til den andre halvparten. Sidan instruks og  rekkjefølgje på dei fire nyheitsoppslaga er ulik i dei to teksthefta skal ikkje sjølve oppgåva presenterast i plenum. Del ut og gi alle litt tid til å lese sitt hefte individuelt og notere stikkord (om lag 10 min). Del deretter inn i blanda grupper på 3-5 personar, og diskuter spørsmåla i heftet (her kan du som leier økta peike på om det er eit eller fleire spørsmål du tenker gruppene skal gå spesielt grundig inn i), før felles oppsummering i plenum. 

Denne praktiske utprøvinga kan også med fordel gjennomførast med elevar, for å bevisstgjere dei på at ulike perspektiv kan farge lesing. Bli i tilfelle einige om kven som vil prøve ut opplegget i eigen klasse, og tilpass spørsmåla elevane får til drøfting etter kva alderstrinn dei er. 

Økt 2 – Korleis arbeide med ulike tekstar i klasserommet? 

Det faglege innhaldet i denne økta er bygd kring filmen «Å lese multiple tekstar». Her er det laga eit skjema som kan vere nyttig å kopiere opp og bruke til å notere stikkord i undervegs. Filmen er informasjonstett, så det kan også vere nyttig å stoppe opp undervegs for å notere litt før ein ser vidare. Til diskusjonen etterpå er det ikkje noko poeng å kome fram til nokon «fasit», og det er heller ikkje alle ferdigheitene som kjem like tydeleg fram (derav bestillinga «spor av»). Hensikta er å få i gang ein diskusjon om korleis ein konkret kan leggje til rette for at elevane øver opp kjeldemedvit og evne til å kontekstualisere, samt vise fram ulik støtte dei kan få når det kjem til å samanstille informasjon frå ulike tekstar. 

Filmen modellerer ulike måtar ein kan arbeide med multiple tekstar i klasserommet. Når det kjem til planlegging av eit eige undervisningsopplegg er det ikkje eit mål å prøve ut alle metodane med ei gong, men hente inspirasjon til å prøve ut forskjellige arbeidsmåtar. 

Når det gjeld oppdraget i denne økta, utprøving med bruk av multiple tekstar, bør lærarane koordinerer dette arbeidet på ein slik måte at elevane får erfaringar med forskjellige måtar å bruke kjelder på i ulike fag, gjerne spredt over noko tid. Å leggje til rette for faglege diskusjonar mellom elevane, slik det er vist i filmen, er læringsfremmande, men det er neppe hensiktsmessig om det vert mange debattar med same organisering på same tid. 

Økt 3 – Oppsummering og vegen vidare 

For å sikre eit felles fokus i erfaringsdelinga vil det vere nyttig om alle presenterer data frå utprøvinga, som å leggje fram skriftleg plan for undervisingsopplegget, tekst(ar) og oppgåver det vart arbeida med, eller elevarbeid. 

Legg gjerne opp til ein felles diskusjon om vegen vidare også: ønskjer de å gjennomføre fleire utprøvingar med bruk av multiple tekstar, eller ta erfaringane med vidare inn i arbeid med andre pakkar? 

 

Forankring i lærplanverket: 

Innhaldet i denne pakken bygger på lesing som grunnleggjande ferdigheit, slik det blir presentert i Kunnskapsløftet (KL06) og i ”Rammeverk for grunnleggende ferdigheter” (Udir 2012), og peiker framover mot fagfornyinga, der kjeldemedvit og kritisk refleksjon er framheva i den overordna delen.

 

Kopling til andre ressursar i Språkløyper: 

Den fagovergripande pakka «God leseopplæring» for ungdomstrinn og vidaregåande har fleire økter med nær samanheng med perspektiva som vert presentert i denne pakka, som også kan vere nyttige for lærarar på mellomtrinnet. Skulebiblioteket kan vere ein god medspelar i arbeidet med multiple tekstar, så det kan vere nyttig å gå inn i denne pakka og sjå på korleis skulen kan leggje til rette for å utvikle elevanes informasjonskompetanse. Når det gjeld temaet kritisk lesing er dette noko som mellom anna vert utforska grundigare i pakka «Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga». 

 

Generelle tips knytta til arbeid med Språkløyper: 

Arbeidet med Språkløyper bør vere forankra i lokale planar der fagsamlingane er datofesta. Tida som er oppgitt til kvart øktelement er rettleiande, og du som leier arbeidet kan gjere lokale tilpassingar og utval. Når det er lagt opp til samtaler i grupper anbefaler vi mellom 3 og 5 deltakarar i gruppa. 

Dei fleste øktene munnar ut i oppgåver eller forslag til utprøvingar i eigen praksis, og det er viktig at det er nok tid til å gjennomføre desse. Vi anbefaler difor om lag ei økt i månaden. Vurder korleis oppgåvene kan tilpassast den lokale konteksten på ein god måte, kva periode opplegget skal planleggjast og gjennomførast, og avtal når erfaringsdelinga skal skje. Før ein går i gang med nytt fagstoff i ei ny økt er det viktig at lærarane får tid til å reflektere over og dele erfaringar frå arbeidet som har blitt gjort i mellomtida. På nokre skular vil det passe best å leggje denne erfaringsdelinga i forkant av ei ny økt, andre stader er det mest hensiktsmessig at gruppene som samarbeider bestemmer når delinga skal føregå. Det bør setjast av om lag 60 minutt til gjennomgang av ei ny økt, og 30-60 minutt til samlingar for erfaringsdeling. 

Vi ser det som svært viktig at det vert sett av nok tid til å gjennomføre refleksjonsoppgåvene og praksisutprøvingar. Vi lærer ved å prøve ut, samtale, tenke, drøfte og reflektere. I Språkløyper ønsker vi å skape rom for refleksjon gjennom faglege diskusjonar rundt eigen og andre sin praksis. Det handlar om å øve opp eit analytisk blikk, der ein spør kvarandre «kva gjer vi, og kvifor gjer vi det?». 

Nokre pakker i Språkløyper passar å bruke felles i samla personale, andre passar for utvalde grupper av lærarar. Arbeidet kan gjerne organiserast i form av faste grupper som samarbeider over tid. Desse kan organiserast ut frå trinn eller fag, men det kan også vere fruktbart for utviklingsprosessane å sette saman nye grupper på tvers av allereie eksisterande samarbeidsgrupper.